Turløype

Voss ski- og tursenter er eit perfekt utgangspunkt for treningssamlingar for langrennsløparar, skiskyttarar, orienteringsløparar og terrengsyklistar. Arenahuset ligg i anlegget og syter for ei sosial ramme rundt effektive treningsøkter. Løypene ligg idyllisk til i skogsterreng som gjer at dei er verna mot vêr og vind.

Ved å starta frå Herresleitet kjem ein raskt inn i eit fantastisk turterreng, der det i dag er ei rundløype i Herresåsen på 12 kilometer. At løypa vert kalla “Juvelen” på folkemunne, er ikkje utan grunn. Fleire stader i traseen er det avkortingar, som gjer at ein kan koma raskare heim. Løypa vert preparert både for klassisk og skøyting.

Ved å starta fra stadion går ein rett inn i lysløypa og konkurranseløypene. Desse løypene er også kobla saman med Herresåsen. Ein får da ei kraftig stigning før ein kjem opp i Herresåsen.

1