Konkurranseløyper

FIS-godkjende konkurranseløyper med flere ulike lengder.
 
Djupåsen
I Djupåsen finn du ein av landets finaste 5 kilometertrasear. Bakkane er lange og krevjande, men bakkane er ikkje over 10 grader, noko som gjer at du med godt feste går opp alle bakkane utan fiskebein.
Under Ski NM Voss vart denne traseen hovudsakleg brukt til dei klassiske øvingane. Djupåsen ligg vest for stadion. Løypene i Djupåsen er kopla saman med turløypene i Herresåsen.

Nonshaugane
I Nonshaugane er bakkane kortare og brattare enn i Djupåsen. Denne 5 kilometer- traseen vart under Ski NM Voss brukt hovudsakleg til skøyteøvingane og NM stafetten. 3 kilometer av denne traseen er også rulleskiløype.

Konkurranseløyper

  • Fis-godkjende løyper
  • To ulike 5 kilometrar, Djupåsen og Nonshaugane
  • Løyper på 2 - 2,5 - 3 - 3,3 - 3,75 og 5 km
  • Sprintløyper på 1,1 og 1,3 km
  • Løypebreidde 6 til 12 meter

2 5 km djup asen med h 1

5 km djup asen m h 1

l ypekart 5 km nonshaugane 31 01 17 002 1

sprint damer m h 1

 

sprint menn 1