Skogsbu

​Voss ski- og tursenter har gleda av å ynskja alle velkomne til Skogsbua. Dette er ei gåve frå Skogskelskapet Bergen og Hordaland – og Voss Skoglag. Skogsbua kan nyttast av alle, ålmenta, lag og organisasjonar.

Du finn Skogsbua på Per Ove’s plass like ovanfor stadion.

I vinterhalvåret, den tid det ikkje er forbode å gjera opp eld i utmark, så vil me plassera ei bålpanne som alle kan nytta. Her kan ein grilla, koka kaffi mm. Det er lagt ut tørr ved som kan nyttast.
Det er sett opp mange naturstiplakatar inne i Skogsbua om vanlege norske treslag og info om skogbruket i Hordaland.

1716572938