Turløyper

Fakta om turløypene

  • 25 kilometer
  • Start frå stadion i Voss ski- og tursenter
    Start frå Herresleitet 
  • 5 kilometer lysløype
tur 605

Voss ski- og tursenter er Vestlandets svar på Nordmarka. Løypene ligg idyllisk til i skogsterreng som gjer at dei er verna mot ver og vind.

Ved å starte frå Herresleitet kjem ein raskt inn i eit fantastisk turterreng, der det i dag er ei rundløype i Herresåsen på 12 kilometer. At løypa vert kalla "Juvelen" på folkemunne, er ikkje utan grunn. Fleire stader i traseen er det avkortningar, som gjer at ein kan koma raskare heim. Løypa vert preparert både for klassisk og skøyting.

Ved å starte fra stadion går ein rett inn i lysløypa og konkurranseløypene. Desse løypene er også kobla saman med Herresåsen. Ein får da ei kraftig stigning før ein kjem opp i Herresåsen.