Voss Ski- og tursenter
Veg og parkeringsavgift
Vegen frå Bordalen og Skutle til skisenteret vert dreve av Voss Ski og Tursenter. For å dekke kostnadene med vedlikehald og brøyting betaler ein parkeringsavgift. Eit eventuelt overskot vert brukt til å preparere løyper.
Du må ha registreringsnummeret til bil(ene) klart før du bestiller!
Informasjon:
Har du spørsmål om parkeringsavgifta til Voss ski- og tursenter kan du ringa Ranveig, 98400308.
Om du ikkje vil nytta denne nettsida til å tinga sesong og årskort, kan du tinga på telefon.
Krav om oblat:
Alle som parkerer i anlegget må ha eit gyldig oblat. Når du kjøper eit sesong- eller årskort her får du eit oblat på e-post. Dette må skrivast ut og oppbevarast synleg i frontruta. Oblat for dugnadskjøyring og dagskort finn du ved bomstasjonen på Skutle og Herre.
Parkeringsavgift:
Vegen frå Herre og Skutle til skisenteret vert dreve av Voss ski- og tursenter. For å dekke kostnadene med vedlikehald og brøyting betaler ein parkeringsavgift. Eit eventuelt overskot vert brukt til å preparere løyper. Anlegget vert dreve på dugnad av eigarlaga, Bjørgum IL, IL Vargar, IL Viljar, Voss IL og Voss Skiskyttarlag.
Dagskort
kr. 50 Sommarsesongen 1/5 - 31/10
kr. 100 Vintersesongen 1/11 - 30/4
Dagskort kan kjøpast ved bomstasjonen på Skutle og Herre.
Sesongkort
kr. 1000 Sommersesongen 1/5 - 31/10
kr. 1000 Vintersesongen 1/11 - 30/4
Rabatt: kr. 200
Det vert gjeve rabatt til betalande medlemmar av eigarlaga, ansatte hjå hovudsponsorar og privatpersonar som har meldt seg som funksjonær under Ski NM Voss.
Årskort
kr. 1400 Sesongenkortet varar frå 1/11 - 31/10
Rabatt: kr. 400
Det vert gjeve rabatt til betalande medlemmar av eigarlaga, ansatte hjå hovudsponsorar og privatpersonar som har meldt seg som funksjonær under Ski NM Voss.