Ny nettside for Voss ski- og tursenter

Voss Ski- og tursenter har lansert ny nettside i samarbeid med Logolink og Voss Kommunikasjon. Meir tilgjengeleg og oppdatert informasjon om anlegget vårt og det som skjer her. For leige av klubbhuset vil du ha oversikt over når dette er ledig.

Ei nettside er eit kontinuerleg arbeid. Difor set me pris på tilbakemeldingar, ris eller ros. Slik kan me bli endå betre på å få fram nyttig informasjon for brukarane våre, og lokka endå fleire ut på ski.

Har du gode bilete frå området? Send dei gjerne til oss, så tek me dei med.