Sommer-ski samling på Voss
23. – 28. juni
Vi har gleden av å invitere skiskytter-Norges beste 15. og 16. åringer (født 98 og 99) til sommer-ski samling på Voss fra søndag 23. til fredag 28. juni. Med sommersnø på Vikafjell og perfekte barmarks- forhold i Voss ski- og tursenter legges grunnlaget for neste sesong.
|
Klubb/team-samlinger Overnatting i arenahuset, 10 soverom med 44 sengeplassar
|
Har du spørsmål: Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den. 91375005 |
|
Voss ski- og tursenter er eit perfekt utgangspunkt for treningssamlingar for langrennsløparar, skiskyttarar, orienteringsløparar og terrengsyklistar. Arenahuset ligg i anlegget og syter for ei sosial ramme rundt effektive treningsøkter. Vossabygda har mange ressurssterke trenarar. Kva med å engasjera Joar Himle eller Gisle Fenne på ei inspirasjonsøkt innan skyting, eller Kristen Skjeldal innan langrennsteknikk? Kontakt oss, på 91375005, så kan vi diskutera kva som skal til for at samlinga di skal bli optimal. |
|
Sommarski på Vikafjell
|
![]() |
|
Vik Skisenter/Vik Aktiv har i fleire år preparert treningsløyper på Vikafjell. Forholda er normalt svært gode i mai og juni. Enkelte år er det også muleg å få gode skiforhold i juli. Løypene preparerast kvar laurdag og søndag i mai og juni frå kl 08.30. Løypene vert også preparerte etter avtale på vekedager i samband med samlingar. Dette gjev langrennsløparar og skiskyttarar eit unikt samlingstilbod. Samlingane kan leggjast til Vik skisenter eller Voss ski- og tursenter, og ein får optimale forhold for å kombinera barmark og skiturar. |
|
Barmarkssamlingar
|
![]() |
|
Voss er eit treningseldorado for langrennsløprarar og skiskyttarar. Med utgangspunkt i Voss ski- og tursenter har ein rulleskibane og løpeterreng rett utanfor døra. I tillegg har Voss mange fine asfaltvegar som eignar seg for rulleski, eit variert og flott terreng, og ikkje minst ei rekke teambuildingsaktivitetar ein kan krydra ei samling med. |
|
Snøsamlingar
|
![]() |
Orientering
|
![]() |
| Voss har mange orienteringkart. Nytt av året er at området rundt Voss ski- og tursenter har fått oppdatert kart. Dette gjer anlegget ideelt for samlingar. I 2012 skal 2 av løpa i Fjord-O arrangerast i Voss ski- og tursenter. | |




