Turløyper
|
Fakta om turløypene
|
![]() |
|
Voss ski- og tursenter er Vestlandets svar på Nordmarka. Løypene ligg idyllisk til i skogsterreng som gjer at dei er verna mot ver og vind. Ved å starte frå Herresleitet kjem ein raskt inn i eit fantastisk turterreng, der det i dag er ei rundløype i Herresåsen på 12 kilometer. At løypa vert kalla "Juvelen" på folkemunne, er ikkje utan grunn. Fleire stader i traseen er det avkortningar, som gjer at ein kan koma raskare heim. Løypa vert preparert både for klassisk og skøyting. Ved å starte fra stadion går ein rett inn i lysløypa og konkurranseløypene. Desse løypene er også kobla saman med Herresåsen. Ein får da ei kraftig stigning før ein kjem opp i Herresåsen. |
|

